Skip to the content
Angu Motzfeldt

Dato: 11.02.2022

Tid: 15.15 - 16.00

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Vinnarmøte

Den grønlandske forfattaren Niviaq Korneliussen blei tildelt Nordisk råds litteraturpris 2021 for romanen Blomsterdalen. Juryen framheva mellom anna romanen sin «levande intensitet». Han handlar om kjærleik og venskap, men også om korleis det er å leve i eit postkolonialt samfunn, der sjølvmordsraten er rekordhøg. Romanen går inn til kjernen i vestlege debattar om identitet og marginalisering og representerer difor noko heilt eige i nordisk litteratur. 

Niviaq Korneliussen blir intervjua av Heidi Bøhagen, forfattar, skribent og programansvarleg ved Litteraturhuset i Bergen.

Niviaq Korneliussen deltek direkte og digitalt frå Grønland.

I samarbeid med Nordisk råds litteraturpris.

Del Innhald