Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 19.00 - 21.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

NM i slampoesi [utseld]

LitFestBergen tar over stafettpinnen og arrangerer NM i slampoesi etter at meisterskapet i 15 år har vore arrangert av Foreningen !les. Vi gler oss stort! 

Slampoesi er ei direkte og spontan poesioppleving som ligg i kryssingspunktet mellom diktopplesing, spoken word, standup og rapp. Den første slamopplesinga blei organisert på ein jazzklubb i Chicago i 1984 av bygningsarbeidaren og poeten Marc Smith, som hadde eit ønske om å gjere poesien meir folkeleg og inkluderande. Kontakt med publikum, stemning og temperatur i rommet er alfa og omega, og framføringa tel like mykje som det teksten.

Programleiar og musikar Heidi Marie Vestrheim er konferansier og leiar finalen. I løpet av hausten og vinteren blir det arrangert delfinalar landet rundt, og den 12. februar samlast finalistane frå Tromsø, Trondheim, Stavanger, Bergen, Oslo, Østfold og Innlandet på Litteraturhuset i Bergen. Vinnaren får dra til Paris og representere Noreg under VM i slampoesi i mai 2022.

Del Innhald