
- Dato:
- 10.02.2022
- Tid:
- 18:00 - 19:00
- Stad:
- Auditoriet
- Pris:
- 160/80 (student)
Støvet frå ein kultur i oppløysing
I Frankrike på slutten av 70-talet skreiv kjende intellektuelle som Roland Barthes, Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir under på eit ope brev til støtte for dei som i ei rettssak var tiltalt for å ha hatt eit seksuelt forhold til unge under seksuell lågalder. Vanessa Springora var sjølv i eit slikt forhold frå ho var 14 år, med den 35 år eldre forfattaren Gabriel Matzneff.
Då boka hennar Samtykket kom ut i Frankrike i 2020, var ho som sprengstoff. Korleis kunne ein hevde at det var frigjerande å ha seksuelle forhold til born, og det med foreldra sitt samtykke?
Vanessa Springora møter forfattar Sandra Lillebø på scena i Bergen. Samtalen blir gjennomført på fransk og tolka direkte av Christina Mediaas.



