Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 15.30 - 16.15

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Kven er redd den kvite kvinna?

Kvite vestlege middelklassekvinner har lenge hatt «fasiten» på kva feminisme er, hevdar den pakistansk-amerikanske advokaten og forfattaren Rafia Zakaria. I boka Against White Feminism (2021) tar ho eit kraftig oppgjer med det ho ser som den vestlege feminismen sine band til patriarkalske, rasistiske og koloniale strukturar. Vi treng ein heilt ny feminisme, hevdar ho, ein feminisme etter tradisjonen frå svarte, interseksjonelle forfattarar som til dømes Gayatri Spivak og Audre Lorde. 

Rafia Zakaria møter kjønnsforskar og litteraturvitar Kari Jegerstedt til samtale om kva som må til for å skape ein ny, inkluderande feminisme.

Zakaria deltar direkte og digitalt frå USA, og samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald