
Dato: 10.02.2023
Tid: 13:00 - 13:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/80 (student)
Slaget om Stalingrad
Med tydelege parallellar til dagens krig har den britiske historikaren og redaktøren Iain MacGregor skrive boka The Lighthouse at Stalingrad. Ved å leite i både tyske og russiske arkiv fann MacGregor vitnesbyrd frå soldatar og sivile. Gjennom desse openhjartige forteljingane gir MacGregor eit detaljert bilete av ein sentral augneblink i andre verdskrigen, og ein som mange meiner snudde utviklinga i krigen.
I samtale med professor Martin Paulsen vil MacGregor diskutere fascinasjonen for denne perioden og korleis opplysningane han avdekte, kan relaterast til den pågåande angrepskrigen mot Ukraina og til situasjonen i Europa.
Samtalen vil vere på engelsk.