Iain MacGregor
Iain MacGregor (f. 1967, Storbritannia) er historikar og forfattar og har vore redaktør av historiske romanar i nesten tretti år. Han har skrive for Spectator, The Guardian og BBC History Magazine.
Han har vore fascinert av Baltikum og Sovjetunionen sidan han som student reiste dit tidleg på åttitalet, og bøkene hans har primært omhandla andre verdskrigen på austfronten. Den siste boka hans, Stalingrad: The Hidden Truth at the Centre of WWII’s Greatest Battle, tar for seg slaget som hadde avgjerande betydning for utfallet av krigen, ved bruk av kjeldemateriale frå russiske og tyske arkiv.