Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 17.30 - 18.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Gløymde kapittel

Under andre verdskrigen var Finland alliert med Tyskland mot Sovjetunionen. Lenge blei det hevda at nazistane ikkje hadde oppretta fangeleirar i Finland, og at ingen finnar hadde deltatt i deportasjonen av jødar. Dette har blitt tilbakevist dei seinare åra; i Nord-Finland er det funne rester frå fleire slike leirar.

Det er dette stoffet Petra Rautiainen har brukt i debutromanen sin Et land av snø og aske, som er omsett av Thomas Brevik Kjærstad. Her skildrar Rautiainen også korleis særleg den samiske befolkninga blei trakassert både under og etter andre verdskrigen. Rautiainen møter Iain MacGregor til samtale.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald