
Dato: 10.02.2023
Tid: 18:00 - 19:00
Stad: Alver
Pris: 190/80 (student)
Å få raseriet ned på papiret
I norske fengsel sit menn og kvinner som utførte handlingar då dei var rasande. Mange av dei er sinte og frustrerte på grunn av situasjonen dei har hamna i.
I samarbeid med forfattarane Annette Mattsson, skrivelærar i Bjørgvin fengsel, og Eivind Riise Hauge, bibliotekar i Bergen fengsel, arrangerer LitFestBergen skrivekurs for dei innsette med temaet «raseri», det same som festivaltemaet. Nokre av tekstane frå skrivekurset kan du lese på nettsidene og i programkatalogen til festivalen, og to av kursdeltakarane kjem til LitFestBergen for å snakke om kva det betyr for dei å kunne uttrykke seg i skrift.
Gjennom hausten 2022 har innsette ved Bjørgvin og Bergen fengsel skrive tekstar over festivaltemaet "Raseri". Tekstane kan du lese under.