Skip to the content
}

Ikkje i dag heller

Av anonym, innsett i Bergen fengsel

Raseri, eit sterkt negativt lada ord. I følge norsk ordbok tydar det: sterkt sinne, harme.

Er det å vere rasande berre av det vonde, kan det vere bra, eller er det som så mykje anna, ein stad midt imellom?

Eg slit med raseri.

Ikkje i den forstand at eg er rasande så ofte, men det motsette: Eg klarer ikkje å bli rasande. Eg har det rett og slett ikkje i meg. Eg er blitt fortalt at i mine to første leveår var eg sint og skreik døgnet rundt, men dei femti åra sidan, har eg vore roleg, avbalansert og stort sett blid og glad. Eg blir ikkje stressa, og eg blir ikkje rasande.

Einaste vesle unnataket er at eg kan bli forbanna og irritert på meg sjølv. Som dei siste åra, der eg mange gonger har vore forbanna når eg har tenkt på at eg har vore så dum å gjere det eg har gjort, og ikkje minst dei forkastelege tinga eg har freista å få utført. Det er både utilgiveleg og ubegripeleg. Kanskje får eg aldri svar på kvifor dette har skjedd. Men om og når eg er sur og sint på meg sjølv, er det ingen andre som merkar noko til dette – det er ingen vits i å la dårleg humør eller en dårleg dag gå utover nokon andre. Dei har ingen skyld i at eg er der eg er.

Eg har tenkt en del den siste tida. Ja, eigentleg dei siste åra, mens eg har vore her i fengselet. Eg burde nok oftare ha blitt forbanna. Gudane skal vite at eg har hatt grunn til det.

Dei fyrste eg burde blitt galen på, er politiet. Politiet som gjorde en slett og mangelfull etterforsking, og som faktisk innrømte i retten at så var tilfelle. Hadde dei gjennomført dei etterforskingsskritta og dei avhøyra dei burde og skulle ha gjort, så ser eg ikkje vekk i frå at tiltalepunkta hadde vore betydeleg færre, og at straffen eg fekk ville vore opp imot ti år kortare.

Og så burde eg blitt rasande på rettsvesenet, som såg heilt vekk frå politiets mangelfulle etterforsking, samt dei få bevisa som fanst i saka, og heller dømde meg basert på indisia og kjensler. Men nei, eg berre svelgde det og fann meg stillteiande i det.

Og i den seinare tida er det kriminalomsorga og Bergen fengsel eg verkeleg burde hissa meg opp over: Her er det berre avslag på avslag på avslag. Ikkje får eg permisjonar, sjølv om eg oppnådde permisjonstid for fleire år sidan. Ikkje får eg framstilling, sjølv om dei månad etter månad lover at det skal dei få til. Og ikkje får eg den helsehjelpa (psykolog) som eg har krav og rett på. Eg mistenker at sidan eg ikkje er den typen som kjeftar og smeller når eg får avslag eller ikkje får svar på førespurnadar i det heile tatt, så er det lett å berre oversjå meg.

Men det kan no vel ikkje vere rett. Det er vel ikkje sånn vi skal ha det eller vil ha det? At berre dei som rasar blir høyrt?

Problemet er at uansett kor mykje eg tenkjer på det, og kor mykje eg eigentleg vil – det ligg berre ikkje i min natur å bli rasande. Litt rart eigentleg, all den tid eg har ein far og tre sysken som alle har svært kort lunte.

Ein annan ting eg har tenkt på – og kanskje bekymra meg litt for – er kva skjer med alt dette undertrykte, oppdemma raseriet? Skal demningen ein dag breste, vil femti år med undertrykt sinne plutseleg komme på ein gong?

Eg spør meg: kor stygt kan det bli?
 
Så tilbake til starten: Kan raseri vere eit verktøy, eller er det berre noko som riv ned? Eg trur nok ein mellomting er det rette. Det er nok ikkje bra, verken for ein sjølv eller for omgjevnadene, om ein går omkring og kjeftar utan stans. Men det er nok heller ikkje bra å aldri rase, og aldri seie ifrå; då blir ein nok fort oversett sånn som eg ofte føler at eg blir. Nei, ein lett blanding og ein porsjon sunn fornuft skulle vel vere det beste.

Men, men. Eg kjennar på meg at eg ikkje kjem til å bli rasande i dag heller.  

Del Innhald