Dato: 09.02.2024
Tid: 22.00 - 23.00
Stad: Auditoriet
Pris: 290/160 (student)
Inn i natta med Erlend Loe og Mona B. Riise
Erlend Loe debuterte med romanen Tatt av kvinnen i 1993 og slo gjennom med romanen Naiv. Super i 1996. Sidan har han skrive ei lang rekke bøker, i mange sjangrar og for både vaksne og barn, og særleg kjende er bøkene om truckføraren Kurt. Fleire av bøkene er også filmatiserte, og Loe har skrive og medverka til fleire film- og tv-seriemanus.
I denne seine samtalen om liv og litteratur vil Erlend Loe saman med Mona B. Riise gå inn i den mangfaldige forfattarskapen, og vi vil også få høyre korleis ei litterær scene blir omskapt til film.