Erlend Loe
Erlend Loe (f. 1969, Noreg) er forfattar, filmskapar, manusforfattar, omsettar og kritikar.
Då han fekk Liv Ullman-prisen i 2016 var grunngivinga mellom anna at han var «en multikunstner som i stor grad har preget norsk kulturliv gjennom de siste 20 år».
Som forfattar debuterte han med romanen Tatt av kvinnen i 1993, og han fekk eit gjennombrot med Naiv. Super i 1996. Sidan den gongen har han gitt ut ei rekke kritikarroste og prislønte romanar og barnebøker som er omsette til fleire språk.
Loe er også filmkritikar, har skrive fleire filmmanus og var også medforfattar på manusa til tv-seriane Kampen for tilværelsen (2014) og Gutta på skauen (2022).
Den siste boka hans er Drømmenes sykkelregister frå 2023.