Mona B. Riise
Mona B. Riise (f. 1972, Noreg) er journalist.
Ho er utdanna frå Universitet i Oslo med grunnfag i litteratur, medium og kommunikasjon og mellomfag i statsvitskap.
Riise har lang fartstid som reporter og programleiar for musikk- og kulturprogram på NRK, mellom anna «Kulturstripa» og «Lydverket», og har i mange år sete i ekspertpanelet til NRK-programmet «Stjernekamp».
I fjor laga Mona B. Riise dokumentarfilmen Stilleste gutt: Lillebjørn Nilsens egen historie.
I 2018 gav ho ut Norsk pop-poesi, ei samling poetiske høgdepunkt frå norsk pop, rock og rap, der ho også har snakka med tekstforfattarar om prosessen bak låtsuksessane.