Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 12:00 - 12:45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Store menn, falne statuar

Statuar er laga av stein og av bronse og er meinte å stå i generasjonar. Ofte er det statuar av «ein stor mann». Kven var desse mennene som skulle minnast for alltid? Kvifor blei statuane sette opp, og kvifor blir somme rasande av synet av dei no – så rasande at dei riv statuane ned? Ifølge den britiske historikaren og filmmanusforfattaren Alex von Tunzelmann forsvinn ikkje historia med rivne statuar – ho blir skapt. 

Tunzelmann har skrive boka Fallen idols om rivne statuar i heile verda, til dømes statuen av Stalin i Budapest (1951–1956), Saddam Hussein i Bagdad (2002–2003) og Cecil Rhodes i Cape Town (1934–2015). Ho møter Michelle Tisdel, sosialantropolog og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, til samtale. 

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald