Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 11.45 - 12.30

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Språket er fuglen min

Då Taliban tok tilbake makta i Afghanistan i august 2021, var noko av det første dei gjorde, å hindre forfattarar og journalistar i å utøve yrket sitt fritt. Dette ramma kvinner aller hardast. Kva kjensler vekker det å ikkje lenger kunne uttrykke seg?

Boka My Pen is the Wing of a Bird er ei samling nye skjønnlitterære tekster frå kvinnelege afghanske forfattarar, og ho gir eit innblikk i liv i krig. På oppdrag frå LitFestBergen har Johanne Fronth-Nygren omsett to av tekstane til norsk. 

Programposten blir innleia med ei framsyning av teksten An imprint on the Wall av Masoma Kawsary. Med skodespelar Nasrin Khusrawi. Regi Linda Gathu, visuals Hamid Waheed.

Forfattar Masoma Kawsary snakkar med poet og omsettar Parwana Fayyaz om fiksjon og røynd. Samtalen, som vil vere på engelsk, blir leia av Kristin Skare Orgeret.

I samarbeid med Bergen Dramatikkfestival.

 

Del Innhald