Skip to the content
}

Parwana Fayyaz

Parwana Fayyaz (f. 1990, Afghanistan) er ein afghansk akademikar, poet og omsettar.

Ho er for tida stipendiat ved universitetet i Cambridge, der ho tok doktorgraden i persisk etter å ha tatt master i religionsvitskap og bachelor i litteraturvitskap og kreativ skriving ved universitetet i Stanford i California.

Diktet «Forty Names» blei kåra av poesiprisen Forward Prize til beste dikt i 2019. Forty Names var også namnet på diktsamlinga ho debuterte med i 2021, og som fekk god mottaking og blei årets bok i tidsskrifta New Statesman og The White Review.

Ho har arbeid tett med Untold Narrative, eit utviklingsprogram for forfattarar som bur i eit område der dei blir marginaliserte av omgjevnadane eller av konflikt.

Del Innhald