Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 15.15 - 16.00

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Raseri som kreativ kraft

Sjølv om raseri kan vere øydeleggande og ei kjelde til vald, kan det også vere ei drivkraft for endring, aktivisme og kreative prosjekt. Den jamaikanske rastafaripoeten, radioverten, førelesaren og musikaren Mutabaruka har bygd ein karriere omkring rettferdig harme. Amerikanske Nimmi Gowrinathan, forskar og forfattar av boka Radicalizing Her: Why Women Choose Violence, har undersøkt raseriet som drivkraft hos kvinnelege krigarar og radikale. 

Mutabaruka og Gowrinathan møter den britiske historikaren, forfattaren og manusutviklaren Alex von Tunzelmann for å diskutere konstruktive og kreative aspekt ved raseri.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald