Nimmi Gowrinathan
Nimmi Gowrinathan (f. 1980, USA) er forfattar, forskar og aktivist.
Ho er grunnleggar og leiar av "The Politics of Sexual Violence Initiative", ein verdsomspennande studie av korleis valdtekt verkar inn på kvinner sine politiske haldningar i ekstremistorganisasjonar.
Gowrinathan er også gjesteprofessor ved det offentlege universitetet i New York by, der ho føreles om kjønn og vald.
Gowrinathan har i fleire samanhengar blitt nytta som ekspert av FN.
Ho er grunnleggar av det litterære tidsskriftet Adi, og ho skriv også for tidsskriftet Guernica Magazine.