Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 18.45 - 19.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Gerilja og feminisme

Etiopiske Maaza Mengiste tar i romanen The Shadow King opp den rolla kvinnelege soldatar spelte under krigen mellom Etiopia og Italia, og kva det vil seie å vere kvinne i krig. Amerikanske Nimmi Gowrinathan har srilankisk bakgrunn og har forska på kvinnelege geriljakrigarar i to tiår. I 2022 kom boka Radicalizing Her ut, og her kjem Gowrinathan med ein kanskje overraskande statistikk: Kvinner utgjer tretti prosent av geriljakrigarane i verda. Desse kvinnene har blitt misforstått, hevdar Gowrinathan og viser til forsking frå Sri Lanka, Eritrea, Syria og Colombia dei siste tjue åra. Mengiste og Gowrinathan møter jurist og folkerettsekspert Cecilie Hellestveit til ein samtale om kjønn, makt og krig, og kvifor kvinner vel vald.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald