Skip to the content

Dato: 10.02.2023

Tid: 19.30 - 21.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Poetisk punkgalla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Tolv poetar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Programleiar for kvelden er poet Henning Bergsvåg.

På scena finn vi den britiske poeten Alice Oswald, som i sine elleve diktsamlingar har blanda engelske tradisjonar innanfor naturpoesi, historie, mystikk og lyrikk. Brynjulf Jung Tjønn har skrive fleire romanar for både vaksne og born og er i 2022 aktuell med diktsamlinga Kvit, norsk mann. Maja Lee Langvad skriv om tema som kultur, rasisme og identitet med utgangpunkt i sitt eige liv som adoptert frå Sør-Korea til Danmark, og sidan debuten har ho gitt ut fire diktsamlingar. Øyvind Rimbereid har lenge markert seg som ei av dei tydelegaste stemmene i norsk samtidslyrikk, seinast med diktsamlinga Hvit hare, grå hare, svart frå 2019. Frå Belarus kjem poeten og omsettaren Valzhyna Mort, som skriv dikt på både belarusisk og engelsk. Den siste diktsamlinga hennar, Music for the Dead and Resurrected, blei trekt fram som ei av dei beste diktbøkene frå 2020 av The New York Times. Bergensbaserte Eira Søyseth er poet og gjendiktar. I 2022 kom den første diktutgivinga hennar. Frå Jamaica kjem dubpoeten, musikaren og radioverten Allan Hope, betre kjend som Matubaruka. Han har mellom anna gitt ut diktsamlingane Outcry, Sun and Moon og The Book: First Poems. Britiske Zaffar Kunial debuterte med diktsamlinga Us i 2018, og i den nyaste samlinga si, England’s Green, inviterer han lesarane til å tenke nytt om ord for stader og språk. Finske Pauli Tapio debuterte i 2017 med Varpuset ja aika («Sporvar og tid»). Den nyaste samlinga hans, Tyhjä, suuri ja öinen, kom ut i 2021 og tar føre seg framtidas utfordringar og moglegheiter. Sarah Zahid frå Oslo debuterte som poet i 2018. I fjor fekk ho strålande kritikkar for diktsamlinga Bjørnholt vgs.

Del Innhald