Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 16.15 - 17.00

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Den utamde ungen

Matias Faldbakken er biletkunstnaren som i 2001 debuterte som forfattar. I den siste romanen Stakkar møter vi gardsguten Oskar, som oppdagar ein mystisk skapning i skogen. Han fangar skapningen og tek han med seg heim. Litt etter litt oppdagar han at skapningen er eit menneske, eit menneske han får eit svært spesielt forhold til. Stakkar er ei særeigen, energisk og kreativ blanding av kjærleikshistorie, danningsforteljing, naturskildring og storbyforteljing. Faldbakken møter forfattar Marit Eikemo til ein samtale om kunsten og litteraturen.

Del Innhald