Skip to the content
}

Marit Eikemo

Agnete Brun

Marit Eikemo (f. 1971, Noreg) er forfattar busett i Bergen.

Ho debuterte med reportasjeboka Her, no: Møte med unge menneske i 1999. Debutromanen Mellom oss sagt kom ut i 2006. I 2011 fekk den tredje romanen hennar, Samtale ventar, Nynorsk litteraturpris. Ho har også gitt ut essaysamlinga Samtidsruinar.

Saman med Hilde Sandvik var ho redaktør for Syn og Segn frå 2002 til 2006. Ho har også vore festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda og kunstnarisk rådgivar for Norsk litteraturfestival på Lillehammer.

Den siste utgivinga hennar er romanen Team Tuva, som kom ut i 2021

Del Innhald