Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 19:00 - 20:00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Kven snakkar sant? Om truverde i kriminalsaker

Ytringar kan bli brukt som bevis i ei rettssak. Nokre ytringar blir sette på som meir truverdige enn andre og kan føre til domfelling og moglege justismord. Litteraturvitar Line Norman Hjorth gav i haust ut boka Troverdighet i rettssalen. Boka er basert på doktorgradsavhandlinga hennar om rettssakene mot dei fire som var tiltalte i Orderud-saka. 

Bjørn Olav Jahr har gitt ut bøker med utgangspunkt i kontroversielle kriminalsaker, som Birgitte Tengs-saka og Baneheia-saka. Han er no aktuell med ei ny bok om Viggo Kristiansen. Kristiansen blei dømd for å ha drepe og valdtatt to små jenter og har site nesten tjue år i fengsel. Det vektigaste beviset då Kristiansen blei dømd, var venen Jan Helge Andersen si forklaring i retten. Kristiansen har i alle år hevda seg uskuldig, og saka er under ny etterforsking.

Eirin Eikefjord, jurist og politisk redaktør i Bergens Tidende, vil saman med forfattarane sjå nærare på kva som har skjedd i rettssalane i nokre av dei største og mest skakande kriminalsakene frå dei siste tiåra. Line Norman Hjorth er forfattar, og forskar ved allmenn litteraturvitskap ved UiB. Bjørn Olav Jahr er forfattar og journalist og redaktør for sakprosa i Gyldendal.

Del Innhald