Bjørn Olav Jahr
Bjørn Olav Jahr (1969, Noreg) er forfattar, journalist og forlagsredaktør.
Jahr er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som journalist i mellom anna Kapital, Dagbladet og Memo. I 2002 fekk han SKUP-prisen, norsk presse sin pris for undersøkande journalistikk, for opprullinga av Finance Credit-saka.
I 2015 gav han ut boka Hvem drepte Birgitte Tengs?. Kripos tok opp igjen etterforskinga av saka kort tid etter. Hausten 2017 gav han ut Drapene i Baneheia. To historier. En sannhet, og i 2021 kom Prosessen mot Viggo Kristiansen.