Skip to the content

Dato: 12.02.2021

Tid: 16.15 - 17.15

Stad: Youtube

Generasjonssamtale III: Kan alle få seie det dei vil? (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

Kva er eigentleg ytringsfridom? Den norske regjeringa har oppnemnd ein ny ytringsfridomskommisjon, 20 år etter den føregåande. Samtidig har Norsk PEN og Fritt Ord etablert Ungdommens ytringsfridomsråd som skal undersøke kva som hindrar unge menneske frå å ytre seg i Noreg i dag. 

Kven er det som hever røysta på skulen, på arbeidsplassen, i det offentlege rom? Kva rolle speler religion når det gjeld kva som blir ytra? Kor stort er problemet med «fake news» og hatefulle ytringar i sosiale medium? Tenker generasjonane ulikt om kva som er greitt å seie? Til LitFestBergen kjem leiarane av kommisjonen og av rådet, Kjersti Løken Stavrum og Nancy Herz. Dei møter Mohamed Abdi til debatt om ytringsfridommens kår i Noreg i dag.  

 

Del Innhald