Nancy Herz
Nancy Herz (f. 1996, Noreg) er medforfattar av boka Skamløs, aktivist og føredragshalder. Ho har òg vore programleiar i NRK-serien Skamløs.
Saman med Sofia Srour og Amina Bile blei ho i norske medium kjend som dei «skamlause jentene», og for sitt engasjement har dei blant anna fått Fritt Ords honnørpris, og Skamløsprisen.
Ho leiar for tida Ungdommens ytringsfrihetsråd, eit prosjekt i regi av Norsk Pen og Fritt Ord. Rådet skal blant anna sjå nærare på utfordringar som unge møter når dei brukar stemma si og løysingar for å styrke unge og unge vaksne sin ytringsfridom i Noreg i dag.