Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Youtube

Flukt, fengsel, fridom (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

I 2013 flykta den kurdiske journalisten Behrouz Boochani til Australia frå heimlandet Iran. I staden for å tilby Boochani ei trygg hamn, internerte australske styresmaktar han og andre flyktningar på øya Manus langt ute i Stillehavet. Her blei han vitne til både svolt, tortur og sjølvmord. Boochani skreiv heile tida, og smugla ut tusenvis av tekstmeldingar. Dette er utgangspunktet for memoaren Bare fjellene er min venn. Boka, som nyleg kom ut på norsk, fekk strålande kritikkar og vann mellom anna Australias pris for beste sakprosabok i 2019. Boochani var ein av dei fengsla forfattarane publikum kunne skrive helsing til under postkortaksjonen på LitFestBergen i 2019. 

Kva slag mottaking får menneske på flukt i vestlege samfunn i dag? Boochani deltar via videolink i sitt nye heimland New Zealand. Han møter tidlegare generalsekretær i NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkarar, Ann-Magrit Austenå og skribent, forleggar og menneskerettsforkjempar Kristina Quintano til samtale om flukt, fangenskap, fridom og litteratur. 

I samarbeid med Norsk PEN. 

Dette arrangementet vil vere på engelsk.

Del Innhald