Skip to the content
}

Ann-Magrit Austenå

Jo Michael

Ann-Magrit Austenå (f. 1961, Noreg) er i dag assisterande kirkeverge i Oslo.

Austenå har bakgrunn som journalist, med mellom anna ti år som politisk reporter i Dagbladet, før ho blei tillitsvalt i Norsk Journalistlag, først som nestleiar 1999–2003 og seinare som leiar frå 2003–2007.

Frå 2010 til 2020 var ho generalsekretær i NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkere, ein organisasjon som arbeider for rettssikkerheit og rettferd for asylsøkarar og flyktningar. Til NOAS kom  frå Norges Røde kors, der ho var assisterande generalsekretær 2007–2010.

Ho har i mange år arbeidd med spørsmål knytt til ytringsfridom, blant anna som mangeårig styremedlem i Norsk PEN, og ga våren 2011 ut boka Arven etter Sataniske vers – den politiske kampen om ytringsfrihet og religion.

Del Innhald