Skip to the content
}

Behrouz Boochani

Hoda Afshar

Behrouz Boochani (f. 1983, Iran) er ein kurdisk-iransk forfattar, journalist, akademikar, kulturformidlar og filmskapar.

Han skriv jamleg for The Guardian og har òg levert artiklar i The Huffington Post, New Matilda, The Financial Times og Sydney Morning Herald. Han er æresmedlem av PEN International, og fekk Amnesty International Australias 2017 Media Award og Anna Politkovskayas journalistpris i 2018.

Etter å ha flykta frå Iran, satt Boochani i perioden 2013–2019 i australsk fangenskap på øya Manus. Etter eit stort internasjonalt press fekk han i 2020 innvilga flyktningstatus på New Zealand, der han nå bur. Boka Bare fjellene er min venn er hans første bok, og for den fekk han Victorian Prize for Literature og Victorian Premier's Prize for Nonfiction 2019, Australias gjevaste litteraturpriser.

Del Innhald