Jason Reynolds
Jason Reynolds (f. 1983, USA) er ein nordamerikansk forfattar og poet. Han har skrive fleire prisløna ungdomsromanar, og bokserien The Track Series nådde NY Times si bestselgarliste.
Reynolds har ein bachelorgrad i engelsk frå Universitetet i Maryland, og for sin første roman, When I was the greatest (2014), fekk han den høgthengande Coretta Scott King prisen. For boka As Brave As You (2016) vart han belønna med blant anna NAACP Image Award, og han har vore finalist i den prestisjefylde National Book Award med romanen Ghost (2016).
I 2017 gav han ut boka Long Way Down, skrive i frie vers, der han skildrar vald og våpenbruk blant ungdom i USA. I 2020 vart Reynolds utnemnd til nasjonal ambassadør for ungdomslitteratur av Kongressbiblioteket i USA.
Written entirely in spare verse, this is a tour de force from a writer who continues to demonstrate his skill as an exceptionally perceptive chronicler of what it means to be a black teen in America.
Publishers Weekly on "Long Way Down"