Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 19.45 - 20.30

Stad: Youtube

Rasismens hjarte (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

I USA blir slavetida og dei rasistiske Jim Crow-lovene – totalt 250 år med brutal diskriminering – av mange sett på primært som afroamerikansk historie, og ikkje som ein del av kvit historie. Har framveksten av Black Lives Matter (BLM) samanheng med at denne historia aldri har blitt behandla som eit nasjonalt traume? Kan BLM endre USA? Og korleis kjem spørsmåla som BLM bringer til torgs til uttrykk i litteraturen i dag?

Ein som har engasjert seg i kampen mot rasismen og som forsvarer av BLM, er den amerikanske ungdomsbokforfattaren Jason Reynolds.  Bøkene hans, som sel i millionar, handlar om kvardagen til unge, svarte amerikanarar, og skildrar politivald og drap. Reynolds skriv rap-inspirerte bøker og vil få gutar til å lese. Han ønskjer òg å gi dei svarte, litterære førebilete. Kan litteraturen endre USA? Jason Reynolds snakkar med Nazneen Khan-Østrem om rasismens gift og kvifor han meiner Black Lives Matter er viktig.

Arrangementet vil vere på engelsk.

Del Innhald