Dato: 15.02.2019
Tid: 15.30 - 19.00
Stad: Zinken hopp
PEN postkortaksjon
Norsk PEN, avdeling Vestlandet, og LittfestBergen inviterer til postkort-aksjon. Skriv ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit fengsla eller er truga og forfulgt over heile verda. Kort-aksjonen har vore gjennomført i Oslo i fleire år, og no vil vi gjere det til ein tradisjon også i Bergen. Korta er laga av PEN-medlemmar og fribyforfattarar i Noreg.
Forfattarane Asieh Amini og Mansur Rajih, som sjølv måtte søke tilflukt i Noreg, vil lese dikt og skrive dei første helsingane.
Kort-aksjonen er open i Zinken Hopp på Litteraturhuset fredag 15.30–19.00, laurdag 12.00–14.00 og søndag 12.00–14.00
I samarbeid med Norsk PEN, avdeling Vestlandet.
Gratis.