Skip to the content
}

Mansur Rajih

Mansur Rajih (f. 1958, Jemen) er forfattar og kom til Noreg i 1998 som fribyforfattar (ICORN guest writer).

Rajih var president for den jemenske Studentunionen og eit framskote medlem av Den Nasjonale Demokratiske Front, det viktigaste opposisjonspartiet i Jemen. I 1983 vart han arrestert av dei nasjonale sikkerheitsstyrkane, og det vart fabrikkert ei tiltale mot han for mord. Mansur Raijh sat fengsla i femten år, før eit langvarig internasjonalt press førte til at han blei sett fri. Dikta hans blei smugla ut av fengselet og trykt i aviser over heile den arabiske verda.

Rajih har gitt ut fleire diktsamlingar i Noreg, mellom anna Horoskop: fengsel, gjendikta av Tor Obrestad og Min Brors smerte, gjendikta av Maria Aano Reme.

Del Innhald