Dato: 15.02.2019
Tid: 17.00 - 18.00
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 100/70,– (stud)
Kjensla av verda
Korleis speglar dei mest intime rørslene i oss - kjenslene - større endringar i samfunnet? Det er spørsmålet den tyske sosiologen Heinz Bude stiller i si nyaste bok The Mood of the World. I denne undersøker han korleis det vi trur er heilt privat i røynda også er ganske offentleg - og kva dette har å seie for korleis vi skapar vår identitet.
Bude møter Anne Gjelsvik, professor ved NTNU, til samtale.
Samtalen vil vere på engelsk.
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.