Skip to the content
}

Heinz Bude

Heinz Bude (f. 1954, Tyskland) er sosiolog og forfattar, med bakgrunn innan filosofi og psykologi.

Frå 1997 - 2015 leia Bude forskingsgruppa “The Society of the Federal Republic of Germany” ved Hamburg Institute for Social Research. Sidan 2000 har han vore professor ved Institutt for makrososiologi ved Universitetet i Kassel.

Bude har gitt ut ei rekke bøker, og har mellom anna fått mykje merksemd internasjonalt for The Society of Fear, der han skildrar samfunnet vi lever i som karakterisert av frykt, frå framveksten av terrorisme til usikkerheita knytt til økonomiske kriser og lavkonjunktur. Bude avdekkar eit samfunn prega av usikkerheit, undertrykt sinne og stille harme, og skildrar korleis denne frykta ikkje så mykje stammar frå “a powerful other”, men heller frå dei tilsynelatande uendeleg mange moglegheitene vi står overfor.

Del Innhald