Skip to the content

Dato: 22.10.2021

Tid: 21.30 - 22.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 150/50 (student og honnør)

Kjøp Billettar

Poetisk punk-galla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande  – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Seks poetar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth

Vi har med oss diktdebutanten som fekk mest merksemd i året som gjekk, Karoline Brændjord med boka Jeg vil våkne til verden. Frå Sápmi kjem Tromsø-busette Mary Ailonieida Sombán Mary, aktuell med diktsamlinga Leve blant reptiler. Andre på scenen er iranske Fatemeh Ekhtesari som bur på Lillehammer, og som i 2020 kom ut diktsamlinga Vi overlever ikke, Pedro Carmona-Alvarez, chilensk bergenser, som gav ut Inventarium i 2020, Henning Bergsvåg som samme år kom med diktboka Dette er ikke et stille sted, og Steinar Opstad som ga ut En varig lengsel i 2019.

Arrangementet blir òg vist på vår YouTube-kanal. Følg denne lenka for å sjå sendinga.

 

Del Innhald