
Dato: 22.10.2021
Tid: 21:00 - 22:00
Stad: Alver
Pris: 50
Pandemien, mennesket og litteraturen (opptak på storskjerm)
Dette er eit opptak frå LitFestBergen, februar 2021, og eitt av fleire vi viser i "Alver" på Litteraturhuset i Bergen under Litt Litfest.
Det har gått eitt år sidan pandemien sette verda ut av spel. Korleis har dette året vore? Og kva vil dei langsiktige konsekvensane bli, ikkje minst for den yngste generasjonen? Korleis har tidlegare pandemiar verka inn på samfunn og økonomi, på litteraturen som blei skrive, på korleis menneska tenkte?
Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen, biolog Dag O. Hessen og litteraturvitar Eirik Vassenden møtte journalist Hilde Sandvik til samtale om kva følgjer denne perioden kan ha for menneske og natur og korleis det kan komme til uttrykk litterært.