Skip to the content
}

Thomas Hylland Eriksen

Thomas Hylland Eriksen (f. 1962, Noreg) er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo. Forskinga hans omhandlar sosiale og kulturelle aspekt ved globalisering, og han har i denne samanheng blant anna skrive bøker og artiklar om etnisitet og nasjonalisme, identitet og migrasjon. Dei siste åra har han arbeidd med akselererte endringar («overoppheting») med særleg vekt på klima og miljø. Han har også gitt ut fleire lærebøker som er omsett til fleire språk.

I tillegg har Hylland Eriksen i mange år vore ein aktiv formidlar og bidragsytar til den offentlege samtalen, og på norsk har han blant anna gitt ut fire bøker om utilsikta biverknader av moderniteten, frå informasjonsteknologien sitt paradoks, til dei veksande søppelberga. I 2021 er han aktuell med Appenes planet, ei bok om korleis smarttelefonen har forandra verda. 

Del Innhald