Skip to the content
}

Dag O. Hessen

UiO

Dag O. Hessen (f 1956, Noreg) er professor i biologi ved Universitetet i Oslo. Han er leiar for Centre for Biogeochemistry in the Anthropocene, og forfattar av ei rekke populærvitskaplege bøker om evolusjon, biologi og miljø, både for barn og vaksne.

Seinaste utgivingar er Tett på insekter og småkryp (m. Jannicke Wiik-Nielsen og Ole Mathismoen) i 2020, og Verden på Vippepunktet – Hvor ille kan det bli?, som fekk Brageprisen i klassen for sakprosa 2020.

Hessen har fått fleire prisar, blant anna Riksmålsprisen (2008), Biomangfoldprisen (2010), Akademikerprisen (2010), Fritt Ords honnør (2010), Humanistprisen (2013) og Bonnevieprisen (2014). I 2020 fekk Hessen Brages hederspris.

Del Innhald