Skip to the content
Greg Bal

Dato: 16.02.2019

Tid: 15.00 - 15.45

Stad: Alver

Pris: 100/70,- (stud.)

Kjøp Billettar

Ei sann historie

«Det er hardt for ein forfattar å konkurrere med røynda, den er meir absurd enn alt du kan sjå føre deg», seier den russiske forfattaren og kritikaren Alisa Ganieva. I motsetnad til dei fleste av sine russiske forfattarkollegaer, skriv Ganijeva konsekvent om dagens Russland, særleg frå Nord-Kaukasus der ho sjølv kjem frå. I romanane sine vik ho ikkje tilbake frå å ta opp religionskonflikt, korrupsjon og russisk autoritativ historietolking.

Ganieva møter professor i russisk Ingunn Lunde til ein samtale om russisk litteratur, historieforståing og kor sann skjønnlitteraturen kan vere.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald