Ingunn Lunde
Ingunn Lunde (f. 1969, Noreg) er professor i russisk ved Universitetet i Bergen. Forskingsinteressene hennar omfattar sosiolingvistikk, språkpolitikk, slavisk middelalderkultur og russisk litteratur frå 1800-tallet og fram til i dag.
Ho har nyleg gitt ut boka Language on Display: Writers, Fiction and Linguistic Culture in Post-Soviet Russia (Edinburgh University Press 2018) og arbeidar for tida med ei bok om historia si rolle i russisk samtidslitteratur.
Blant hennar øvrige bokutgivingar er Verbal Celebrations: Kirill of Turov’s Homiletic Rhetoric and its Byzantine Sources (Harrassowitz 2001) og elleve redigerte artikkelsamlingar, blant dei (med Michael S. Gorham og Martin Paulsen) Digital Russia: The Language, Culture and Politics of New Media Communication (Routledge 2014).