Ingunn Lunde
Ingunn Lunde (f. 1969, Noreg) er professor i russisk ved Universitetet i Bergen. Forskingsinteressene hennar omfattar sosiolingvistikk, språkpolitikk, slavisk mellomalderkultur og russisk litteratur frå 1800-talet og fram til i dag.
Den siste boka hennar, Fragmenter av fortid: Historiens rolle i russisk samtidslitteratur, kom ut i 2019.
Elles har ho mellom anna skrive Verbal Celebrations: Kirill of Turov’s Homiletic Rhetoric and its Byzantine Sources og redigert elleve artikkelsamlingar, mellom anna Digital Russia: The Language, Culture and Politics of New Media Communication saman med Michael S. Gorham og Martin Paulsen. I 2018 gav ho ut boka Language on Display: Writers, Fiction and Linguistic Culture in Post-Soviet Russia.