Skip to the content

Dato: 07.02.2025

Tid: 20:30 - 21:45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 290/ 90 Student

Kjøp Billettar

​Poetisk punkgalla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Åtte poetar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kartograf for kvelden er poet og skribent Eira Søyseth.

På scenen står Johannes Anyuru, svensk romanforfatter, dramatiker og poet. Tekstene hans dreier ofte rundt spørsmål om identitet i dagens Sverige. Gisela Casimiro er ein portugisisk forfattar, poet og aktivist som blei født i Guinea-Busseau. Arbeidet hennar reflekterer ofte etterverknadar av kolonialismen. Einar Økland blir rekna som ein av Noregs mest mangslungne forfattarar og poetar, og har vore ein sentral del av norsk, litterær offentlegheit  i meir enn 50 år. Grethe Fatima Syed frå Bergen er forfattar, akademikar og omsetjar og debuterte som lyrikar i 2024. Samuel Brzeski er ein britisk-fødd kunstnar og skribent som har gjort bergensar av seg. Han lagar performance der språket er råmateriale. Brynjulf Jung Tjønn har dei siste åra markert seg med to diktsamlingar som krinsar rundt spørsmål om adopsjon, kjærleik og kva det er å vere norsk. Sumaya Jirde Ali er ein norsk-somalisk samfunnsdebattant, litteraturkritikar, dramatikar, forfattar og poet, som debuterte med diktsamlinga Kvinner som hater menn i 2017.

Arrangementet er på norsk, engelsk, svensk og portugisisk. 

Del Innhald