Skip to the content
Bernard Gagnon

Dato: 08.02.2025

Tid: 13:15 - 14:00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/ 90 Student

Kjøp Billettar

Palmyra og krigen mot kulturarven

I 2015 blei den vakre syriske ørkenbyen Palmyra storma av IS. Dei plyndra museet, knuste antikke statuar og sprengde tusen år gamle tempel. Ei handfull museumstilsette sette seg til motverge og blei brutalt myrda. I boka Knus de falske gudene (omsett frå svensk av Trude Marstein) fortel dei to svenske journalistane Jesper Huor og Anders Rydell om korleis restane av menneskeslektas første høgkultur, sivilisasjonens vogge, er i ferd med å bli lagt aude. Møt Huor i samtale med Kholod Saghir om dei mange løynde historiene om krigen mot kulturarven. 

Samtalen er på svensk.

Del Innhald