Skip to the content

Dato: 09.02.2024

Tid: 14.30 - 15.15

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Kvinner ser på menn som ser på kvinner

Meena Kandasamy har dessverre meldt avbod til festivalen. Programposten vil gå som som plalagt, med Kristin Fridtun og Kari Jegerstedt.

 

Tamilsk-indiske Meena Kandasamy og norske Kristin Fridtun har undersøkt omsettingar av gamle klassiske verk som kjem frå kvar sin del av verda, men som har fleire ting til felles: Dei er meir enn tusen år gamle, og dei har erotiske element. Og begge har så å seie berre blitt omsette av menn.

Kva skjer med desse verka når det mannlege blikket blir erstatta av eit kvinneleg? 

Fridtun samanlikna omsettingar av Håvamål og oppdaga korleis til dømes Billings møy har blitt både penare og dummare i norsk omsetting frå norrønt. Kandasamy har på si side sjølv omsett den to tusen år gamle Kamattu-p-pal frå tamil til engelsk og har oppdaga korleis til dømes eit ord som nirai ’tilfreds’ har blitt omsett til ’reinleik’ eller ’jomfrudom’, eller korleis eit par som har sex, har blitt til ektefolk i omsettinga.

Kandasamy og Fridtun møter kjønns- og litteraturforskar Kari Jegerstedt til samtale. 

Samtalen vil vere på engelsk.n

Del Innhald