Skip to the content
}

Meena Kandasamy

Varun Vasudevan

Meena Kandasamy (f. 1984, India) er ein forfattar, omsettar, og antikasteaktivist.

Arbeidet hennar er stort og spreidd over ulike sjangrar, frå romanar og poesi til omsettingar av eldre tamilske tekstar. Det er sterkt farga av dei politiske haldningane hennar, og ho har blitt kalla ein polemikar på grunn av intensiteten i aktivismen.

Ho har ein doktorgrad i sosiolingvistikk frå Anna-universitetet i Chennai.

Den siste boka hennar er essaysamlinga The Orders Were to Rape You: Tamil Tigresses in the Eelam Struggle frå 2021.

Romanane hennar har vore kortlista til mellom anna den britiske Women’s Prize for Fiction og den internasjonale Dylan Thomas-prisen.

Del Innhald