Kit de Waal
Kit de Waal (alias Mandy Theresa O’Loughlin, f. 1960, Storbritannia) er ein britisk/irsk forfattar.
I femten år jobba ho som advokatfullmektig, med strafferett og familierett. Ho var også rådgivar i ei adopsjonsnemnd.
Den første romanen hennar, My Name is Leon, blei utgitt i 2016. Den blei nominert mellom anna til British Book Awards i kategorien årets debutbok, og den blei kåra til årets bok i Irland. I 2022 kom memoarane Without Warning & Only Sometimes: Scenes from an Unpredictable Childhood.
Då ho fekk forskot for å skrive My Name is Leon, oppretta ho eit stipend for kreativ skriving, med føremål om å styrke arbeidarklassen sin representasjon i litteraturen.
De Waal er gjesteprofessor i kreativ skriving ved universitetet i Leicester.