Dato: 11.02.2024
Tid: 13.15 - 14.00
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/80 (student)
Avlyst: Svolten Barbiedokke. Ein samtale med Kit de Waal
Kit de Waal representerer på mange måtar arbeidarklassen i den britiske samtidslitteraturen. Med bakgrunn i strafferett og familierett skriv ho om viktige samfunnsrelaterte spørsmål.
Kit de Waal debuterte som romanforfattar i 2016 med boka My name is Leon, som mellom anna blei nominert til British Book Awards i kategorien for beste debutbok. Boka bygger på hennar erfaringar med foster- og adopsjonssystemet i Storbritannia. I 2022 kom memoarane Without Warning & Only Sometimes: Scenes from an Unpredictable Childhood, som skildrar oppveksten i England som dotter av ein immigrant frå Karibia og ei irsk, svært religiøs mor – ein oppvekst prega av fattigdom og uvisse.
De Waal har også fleire gonger tatt til orde for breiare representasjon i forlagsbransjen, særleg gjennom radioprogrammet Where Are All the Working Class Writers? frå 2017.
De Waal møter journalist og forfattar Katrine Sele til samtale.
Samtalen vil vere på engelsk.