Katrine Sele

Bent Are Iversen
Katrine Sele (f. 1972, Danmark) er journalist og sakprosaforfattar.
Ho har studert statsvitskap og litteratur og tok journalistutdanning ved Høgskolen i Oslo.
Frå 1998 til 2013 jobba Sele som journalist i avisa Firda i Førde, og i 2013 blei ho kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Ho debuterte som forfattar i 2000 med boka Månen er så liten som ein katt. Seinare har ho skrive mange bøker, til dømes Jølster hotell: Historier frå eit asylmottak (2017) og Einars bok (2021).