
Dato: 11.02.2023
Tid: 15:00 - 16:00
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Verda på laurdag: Mot ei ny verdsordning?
Politiske straumdrag i fleire land kan tyde på at demokratiet nærast blir oppfatta som brysamt, og to tredelar av folk i verda lever i dag i autoritære regime eller i demokrati som er i tilbakegang. Desse landa vender seg heller mot til dømes Kina eller land i Midtausten som har liten demokratisk tradisjon. Og Russland speler stadig ei vesentleg rolle – trass i at mange land iallfall offisielt fordømmer angrepet på Ukraina. Er det beste vi kan håpe på framover, ein kald fred?
Journalist og rådgivar Mah-Rukh Ali har skrive fleire bøker om den politiske utviklinga i Midtausten. Rådgivar Tarjei Skirbekk tar i boka De moderate folkepartienes fall i Europa føre seg korleis optimisme blei snudd til pessimisme etter den kalde krigen, mens journalist og forfattar Halvor Tjønn i 2020 gav ut boka Det russiske imperiet. Dei møter redaktør og medieleiar Kjersti Løken Stavrum til samtale om gamle og nye alliansar.