Tarjei Skirbekk
Tarjei Skirbekk (f.1971, Noreg) er idéhistorikar og forfattar med brei erfaring frå norsk og europeisk politikk.
Han har mellom anna vore politisk rådgivar for utanriksminister Jonas Gahr Støre fram til valet i 2011, rådgivar for det svenske sosialdemokratiske partiet si valanalysegruppe i 2014 og 2015 og rådgivar for den tidlegare og den noverande konsernsjefen i Equinor.
I 2015 gav han ut boka Vinne valg: Moderne politisk kommunikasjon, og i 2021 kom De moderate folkepartienes fall i Europa.